onsdag 7. mai 2014

Korleis leggje til rette for lærarane si læring i Mattelyst-prosjektet ved Lalm skule?

Skuleleiarar, lærarar og elevar, alle treng dei påfyll av kunnskap for å skape utvikling og læring. Det vert vektlagt at skulane skal utvikle seg som lærande organisasjonar. Det skal pågå utviklande, kollektive læringsprosessar, og målet er sjølvsagt at det skal føre til ei endring, forhåpentlegvis til det betre. Men kva faktorar spelar inn når ein skal styre desse læringsprosessane hjå lærarane, og korleis kan skuleleiaren påverke, slik at det vert grobotn for suksess?


Professor Viviane Robinson legg vekt på at det er viktig at skuleleiinga engasjerer seg aktivt og legg til rette for lærarane si læring (Smestad T. i Skolelederen 12/6, s.14). Dette har det ikkje har vore tradisjon for i Norge, i fylgje Kultur for læring og I første rekke (Utdannings- og forskningsdepartementet, 2003, 2004). Her krevst det samhandling mellom skuleleiar og lærarar. Men klarar skuleleiaren å vere ein engasjerande tilretteleggjar i ein allereie pressa kvardag kor administrative byrder heng tungt over ein? Ein arbeidskvardag som den svenske psykologen Lars Joelsson beskriv som direkte helsefarleg( Tiller, 2006, s.14).

Vågåskulane deltek i prosjektet Mattelyst. Dette er eit prosjekt i regi av Matematikksenteret, og er eit etterutdanningstilbod for matematikklærarar i seks kommunar i Nord-Gudbrandsdalen. Alle lærarane ved skulen min deltek, noko som var ein føresetnad frå mi side. Dette er eit prosjekt som strekkjer seg over tre år. Det vil i seg sjølv vere ei utfordring å halde trykket oppe i ei såpass lang prosjektperiode, men samstundes vil det truleg vere lettare at ein får ei varig endring, og at den nye kunnskapen vil setje seg i personalet, når prosjektet går over såpass lang tid. Her kan ein ikkje late att augo og håpe på at alt går attende til normalen. Intensjonen min har vore at lærarane mine skal ha tid til å arbeide med dette prosjektet. Dewey legg vekt på at «dersom det skal skje læring, må endringen som blir skapt gjennom handling, reflekteres over, slik at dei som deltek i handlinga kan lære noko» (Postholm, 2012, s.9). Vi må med andre ord lage oss pedagogiske møteplassar. Difor har det vore viktig å setje av tid til fellesmøte/teammøte kor pedagogisk refleksjon kring matematikk har vore på dagsorden. Her er møteleiing viktig, og det krevst at alle deltek aktivt på møta. Eg har dessutan utarbeidd arbeidsplanar for kvar enkelt lærar, som tek høgde for at Mattelyst-prosjektet let seg gjennomføre. Da er i alle fall ein viktig rammefaktor på plass.

Det vart tidleg presisert av prosjekteigar at skuleleiar ikkje skulle vere prosjektleiar. Dette for å sørgje for at lærarane skulle få eit eigarforhold til sjølve prosjektet, og at dei dermed ikkje skulle føle at dette var noko som vart tredd nedover hovudet på dei. Mi oppgåve har snarare vore ei koordineringsrolle, kor eg heile tida har vore tett opp i prosessane og delteke i diskusjonar og utviklingsarbeid. Eg har forsøkt å stille dei rette spørsmåla, men òg forsøkt å få lærarane til å stille spørsmål til sin eigen praksis for å skape utvikling og endring. Dette kallar Revans aksjonslæring (Postholm, 2012, s.12). Aksjonslæring handlar om at ein nyttar dei nye erfaringane sine i den framtidige lærarpraksisen.

Kva så med motivasjonen hjå lærarane? Er alle eintydig positive og fulle av pågangsmot? Nei, det er vel ikkje slik. Det stabile, sikre og forutsigbare er vanskeleg å gje slepp på, og kan føre til motstand mot endring og utvikling, meiner Hargreaves(Postholm, 2012, s.11). Desimones påpeiker at lærarane må ha vilje til å lære, og at det ikkje er nok med ytre rammefaktorar som nok tid og ressursar(Postholm, 2012, s.44). Det er viktig å nytte tid til forventningsavklaring i starten av prosjektet. Dette vil i fylgje den amerikanske forskeren Gregory maksimere lærarens læring(Postholm, 2012, s.33). Vidare påpeikar ho at lærarar med høge forventningar til forbetring utviklar seg mest.

Tidlegare nemnte Vivane Robinson seier at å fremme og delta i lærarens læring er den leiingsdimensjonen som har best effekt på elevresultata. Vi snakkar her om instructional leadership, instruksjonell praksis for leiing. Ein metaanalyse som Robinson og hennar kollegaer gjennomførte, som tek for seg forholdet mellom leiareigenskapar og læringsutbytte, viste at instructional leadership har vesentleg større betydning for elevanes læringsutbytte enn transformasjonsleiing. Faktisk to til fire gonger høgare(Postholm, 2012, s.54-55).

Viss ein legg dette til grunn kan ein i alle fall konkludere med at ein instruksjonell praksis for skuleleiing, vil gje best næring til lærarane si læring, som i neste rekkje vil skape ein utviklande skule med større læringsutbytte for elevane.

 

 

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar